I dag er det 1.desember, det vil seie at ENDELEG kan eg tillate meg sjølv å kjøpe julesnop! I dag etter skulen var det rett på butikken for å kjøpe Sørlandets julebrus:
(Eg kjøpte berre èi, altså..)
Folk har skrytt og skrytt og skrytt av den, men eg syns framleis Grans er best! Sorry, sørlandsfolk!
Og så måtte eg jo sjølvsagt ha julemarsipan. Eg har ikkje smakt norsk julegodis på to år, så det var mildt sagt deilig! :) Eg er ferdig med eksamenar og alt sånt, men det er forelesningar ut neste veke, så eg er her i Kristiansand og nyt adventstida fram til det. Planen er å sjå så mange julefilmar som mogleg, leike i snøen (som bør kome snart), lage julekaker og ja, sånne ting. Og det blir KJEMPEKJEKT!