30.12.09

Jul, jul, strålande jul

Slik har jula mi sett ut:


























































Julehandel

Eg ellllllskar jul, men her kan du lese om at nordmenn brukar 45,4 milliardar norske kroner i desember månad. Kvar nordmann brukar i gjennomsnitt ca 2 480 kroner ekstra i desember fordi det er jul. Og det syns eg ikkje er såååå fantastisk.

Osssslotur

No hadde eg eigentleg planar om å skrive eit superkoseleg innlegg om kor kjekt det var då eg var i Oslo, på veg heim på juleferie, men det blir sjølvsagt i stikkordsform. Men altså, det var VELDIG kjekt!
  • Liv Astrid som ikkje fann meg då ho skulle hente meg
  • Oppvask på det koselege blå kjøkenet
  • Pondus-lesing
  • The Holiday
  • Eg som snakka med Liv Astrid medan ho nesten sov
  • Gløgg
  • Støvsuging, vasking, rydding, jey!
  • Ein narkoman som la an på meg
  • Sigrun og Grethe Siren som kom hylande
  • Koz og klemz
  • Folkemuseet
  • Solveig, Martine, Camilla, Grethe, Iselin, Torunn, Linda, Peter, Andreas, Elisabeth, Torstein, Kristin HS, Kristin H, Per, Øyvind, og masse snop og kaker.
  • T-bane (eller trikk eller eit eller anna)
Og eg tok sjølvsagt null bilete. Bra, Else.

07.12.09

Reidun!

No har eg nettopp hatt mi nydelege syster Reidun på besøk i nokre timar, og det blir eg GLAD av :) Så eg må berre leggje ut eit vakkert bilete av henne:


06.12.09

Eit teikn på at du er blitt vant til å gå med briller:

Når du skal til å rette på brilllene, og du oppdagar at du ikkje har dei på deg...

























.
biletet

03.12.09

Det SNØR i Kristiansand! O glede!



















biletet

02.12.09

Sikre teikn på at det er vinter

  • Ein må ete frukosten på do fordi det er det einaste rommet som ein orkar å vere i.
  • Ein vurderar å skulke kvar dag fordi ein nesten ikkje orkar å stå opp av senga.
  • Ein må passe på korleis ein pustar når ein er ute, for viss ikkje får ein dogg på brillene.
  • Det tek lenger tid å skrive på data og mobil og for hand fordi fingrane skjelv av kulde.
  • Ein brukar det meste av si ledige fritid under dyna.
  • Ein et og drikk varme drikker og varm mat omtrent kvar gong ein har sjansen.
  • Ein reiser på skulen medan det er mørkt, og det er nesten mørkt når ein kjem heim att...
Men, eg likar vinter, altså...


















biletet

01.12.09

advent

I dag er det 1.desember, det vil seie at ENDELEG kan eg tillate meg sjølv å kjøpe julesnop! I dag etter skulen var det rett på butikken for å kjøpe Sørlandets julebrus:

(Eg kjøpte berre èi, altså..)
Folk har skrytt og skrytt og skrytt av den, men eg syns framleis Grans er best! Sorry, sørlandsfolk!

Og så måtte eg jo sjølvsagt ha julemarsipan. Eg har ikkje smakt norsk julegodis på to år, så det var mildt sagt deilig! :) Eg er ferdig med eksamenar og alt sånt, men det er forelesningar ut neste veke, så eg er her i Kristiansand og nyt adventstida fram til det. Planen er å sjå så mange julefilmar som mogleg, leike i snøen (som bør kome snart), lage julekaker og ja, sånne ting. Og det blir KJEMPEKJEKT!
Hm, no er det visst ei veke sidan eg har skrive noko. Sidan sist har eg:
  • Vore på   

  • Høyrt på rare lydar på besøk hjå ei venninne... ;)


  • Ete masse




















biletet
  • Fått resultata på eksamen (og det gjekk fint)

  • Pynta til jul, tent stearinlys og høyrt på julemusikk.

  • Blitt fråstelt min nye






















  • Gått på oppdagelsesferd i heile Kristiansand sentrum i fleire timar, på leit etter sykkelen, og oppdaga mange plassar eg ikkje visste om. (Men eg fann ikkje sykkelen, då.)

  • Kjøpt meg gul hue :)


  • Nesten ledd meg i hel med Inger og Miriam, og spelt
















  • Baka bollar (frå ferdigpose), som vart nesten like mislukka som brødet...




  • Møtt dei internasjonale Hald-elevane i år, frå Uganda, Tanzania, Laos og Nepal, og tidlegare norske Hald-studentar, som bur her på sørlandet.


Spennande liv eg har, eller kva? ;)