08.05.10

Else Karin Holme les til eksamen...



Hadde eg vore ei sånn som laga ny Facebook-status for kvar gong ein blunka, hadde ca dette vore min news feed idag:


Else Karin Holme er passe lite gira på å lese tohundreogførti sider engelsk pensum idag. 09.31
Else Karin Holme kunne ynskt ho klarte å få med seg det ho las...10.43
Else Karin Holme har vore flink og lest effektivt i to timar :) 12.12
Else Karin Holme syns facebook er litt kjekkare enn eksamenslesing. 13.09
Else Karin Holme tar sommarfuglar i håret for at noko skal vere positivt, i alle fall... (Ikkje ekte sommarfuglar, altså, men i plast) 13.21
Else Karin Holme er forelska i John Legend! 13.37
Else Karin Holme har litttttt meir lyst å gå ut enn å sitje inne og lese! 14.44
Else Karin Holme lengtar til fjells... 15.00
Else Karin Holme tenkjer verkeleg berre på alt anna enn pensum! 16.27
Else Karin Holme saknar Hald-folk! 17.25
Else Karin Holme les og les og les og les og les og les og les, faktisk! 18.02
Else Karin Holme klarar endeleg å fylgje med på det ho les. 19.50
Else Karin Holme kunne ynskt ho kunne spolt to veker fram i tid! 20.58
Else Karin Holme treng pause, og stikk ut på sykkeltur :) 21.02
Else Karin Holme har funne ut at stram dongeribukse ikkje er det beste å sykle i... 21.09 via Facebook for mobil
Else Karin Holme elskar Kristiansand!!!!! 21.20 via Facebook for mobil
Else Karin Holme er på toppen av eitt eller anna wannabe-fjell/klump i landskapet i Kristiansand. 21.31 via Facebook for mobil
Else Karin Holme vurderar å melde seg på OL i å ta stygge bilete. 21.34 via Facebook for mobil
Else Karin Holme har mindre enn null retningssans... 21.49 via Facebook for mobil
Else Karin Holme har sykla seg vill :( 21.53 via Facebook for mobil
Else Karin Holme har hatt flaks og endt opp heime og ikkje i Moskva. 22.06
Else Karin Holme skal seriøst byrje å lese! 23.18
Else Karin Holme må ha kakao for å motivere seg for nattlesing. 23.26
Else Karin Holme har sukkersjokk og les og les og les! 00.11
Else Karin Holme tar pause og ser Senkveld på youtube og ler :) 01.29
Else Karin Holme har lest hundreogførti sider for lite idag, men klarar ikkje halde seg vaken lenger. God natt! 02.14


(biletet)

3 kommentarer:

  1. Haha Else, du er så GØY! :D
    Og flink! Jeg kom bare 76 sider framover i går... Lykke til videre med lesinga ;)

    SvarSlett
  2. Ler mæ ihjel.... d syke e at d faktisk e mange som ville oppdatert d sånn... haha, du e GO!!

    SvarSlett
  3. Hahaha, festlig:p Din genialing!

    SvarSlett