For å forklare det veldig enkelt, går det ut på at dei fattige på landsbygda har demonstrert fordi dei vil ha tilbake den tidlegare statsministeren. Dei meinar at den noverande statsministeren ikkje tek godt nok vare på folk på landsbygda.
Dei offisielle tala på antal døde er 85, men det kan godt hende det er fleire. Heile Bangkok har blitt påverka, og urolegheitane er òg spreidde til andre landsdelar. Eg klarar ikkje å la vere å tenkje på alle eg kjenner i Thailand. Mange har måtte evakuert, blant anna ein misjonærfamilie eg kjenner. Far til nokre born eg kjenner er arrestert. Han har tre jenter og ein gut på mellom 5 og 16 år som sit att heime utan far i seks månader. Og dette er jo berre nokre få av svært mange som er blitt ramma på ein eller annan måte.
Ver gjerne med på å be for Thailand!




0 kommentarer:
Legg inn en kommentar