15.08.10

Dei siste (nesten) tre månedane


Eg har av ein eller annan grunn eg ikkje heilt veit (trur eigentleg det er giddalaushet) ikkje blogga på år og dag. Sidan sist har det jo skjedd ein del ting, faktisk. Fyrst var det slik (i Kristiansand, sommarparadiset på jord):
  • Hadde 2 eksamenar, og vart ferdig med Interkulturell forståelse på Ansgar Teologiske Høgskule. Buhu. Faktisk.
  • Bowling, besøk og andre kjekke greier med IFO-jentene
  • Avslutningar med skulen, Bibelgruppene, menigheten og slikt.
  • Tur på "fjell" i Jegers i Kristiansand med herlege folk
  • Thai-helg med besøk av Silje
  • Besøk av tøffe Linn Silje
  • Bading i Baneheia
  • Overnatting i det fri med ein god gjeng
  • Besøk av herlege Elisabet og Maria
  • Oslo-tur der eg møtte Kristin, Nora og Solveig. Jättekul.
  • Start-kamp (fyrste gong eg har vore på skikkelege kamp! Resultat 1-1, mot Viking, for fotballinteresserte.)
  • Ekspressnedvask av leiligheten.
  • Timesvis i bil/buss heimover

Så var eg altså heime. Planen min for sommaren vidare var slik: masse jobb, mange turar på støylen, masse bading, masse sol, masse besøk av/hjå vener, masse trening, masse leiking med naboungane, masse Skjærgårds, litt husarbeid heime, og bittelitt internett og TV dei sjeldne dagane eg ikkje kunne vere ute og kose meg. Dette kunne jo ikkje vere urimeleg, tenkte eg. Berre kanskje litt. Men i alle fall, så vart det omtrent slik:
Jobbdagar: ca 30 (3-4 dagar i veka)
Turar på støylen: 2
Bad: 5
Dagar med sol: ca 9
Besøk av vener: ca 5
Besøk hjå andre: ca 5
Treningsøkter: ca 7
Leiking med naboungane: masse :)
Dagar på Skjærgårds: 0
Husarbeid heime: masse.
Dagar med TV, film og anna nerding: ca 58 (av 60 moglege)
+ ei herleg fjellvandring i Sirdalsheiene (stikkord for turen: gode folk, nøtter, 3-på-topp-lister, gnagsår frå sekk og sko, solbrenthet (og ikkje berre lett rosa, men raud. På sida av halsen. Fordi der hadde geniale Else Karin gløymt å smøre seg med solkrem). Ein FIN tur! :)
+ masse lesing
+ litt trampolinehopping
+ litt kajakkpadling
+ ei gjentaking av uttabbinga på jonsokafta i fjor (fekk laget mitt til å tape stafett fordi eg styrte rett ut i gokk når eg skulle styre trillebår i blinde. Neste år får nokre andre ta den etappen...)
+ litt korsynging
+ 2 gode dagar på UL. Gode talarar med god forkynnelse, gode folk, god stemning, godt program, god madrass å sove på, god humor... :)
+ kom inn på bachelor i sjukepleie på Haraldsplass Diakonale Høgskule i Bergen. Og fekk hybel på St Sunniva Studenthjem i sentrum. Ingen av delene kunne ha passa betre! Så er fornøgd med det, mildt sagt.

Og no har eg vore i Bergen i 5 dagar. 3 av desse dagane har eg vore på IKEA. Satsar på eg ikkje kjem til å fortsette slik, då blir eg i tilfelle nødt til å kutte ut studiet for å få tid. Tja, litt lite aktuelt, kanskje. Men uansett, no har eg omsider fått pakka ut alle tinga mine, altså etter berre 5 dagar. Og idag har sola skint i Bergen. Og eg blir 22 år idag. Og måndag byrjar eg på sjukepleien på skikkeleg. Og eg har kul adresse (som eg alltid har drøymt om :) Og eg bur i eit NYDELEG område! (For å kome meg til Rema 1000, går eg gjennom ein kvit port, og inn i eit lite område med eit stort nydeleg tre, og så til verdas koselegaste gate, med bruktbokhandlarar, kafear, og koselege butikkar.) Jaurå, dette skal bli bra. Else Karin som sjukepleiarstudent i Bergen, altså.

Silje stripar håret mitt :)

Eg velta den faktisk heilt seriøst med vilje!


Martha akrobarta
Nede på bakkenivå att. Bittebittebittelitt slitne...

Når eg er grillansvarleg, går det ikkje alltid like bra. Men mat er mat.

Reidun prøvar å psyke ut motstandarane..


Reidun og eg viser after-bath-mote.

Torunn hoppar paradis på UL.
Eg på veg heim frå butikken.

Reidun + Else Karin + IKEA-skrivebord = sant, faktisk.

3 kommentarer:

  1. Action on da blog! Eg digge det :D
    Håbe du he hatt ein himla god bursdag i dag! Va koselig å snakka med deg igjen. Eg savne deg, og Kristiansand uden deg e langt frå det samma som Kristiansand sammen med deg. Men eg håbe du fer det kjempefint i pøsregnet. :)
    Du e herlig <3
    Kom på besøg :)

    SvarSlett
  2. Hørtes ut som du har hatt det fint siden sist innlegg! Til tross for en litt kald sommer;)

    SvarSlett
  3. ÅH!!!! Eg elskar dette!!!! Du er så morsom, Else!!! Eg ler meg skakk forderva!!!
    takk takk takk takk!!

    SvarSlett