Les artikkelen: Verdens rikdom konsentrert på få hender.
Eg kjenner eg blir så provosert. Men så veit eg jo så godt at på ein måte er eg jo som desse rikingane. Eg har ein livsstil som eg er vant med, og eg vil helst ikkje kutte ned på standarden, fordi alle rundt meg lever på same måten. (Hadde det vore normalt for eksempel å handle klede berre èin gong i året, og å bu i gamle, litt skrøpelege leilighetar utan internett og varmekablar, hadde det jo vore heilt okei for oss.) På same måten vil ein rikmann samanlikne seg med sine naboar.
Vi ser ned på dei såkalla rikingane. Men er vi ikkje sjølve rike? Vi har råd til mat, husvere med belysning og varme, klede og det vi treng. I tillegg har vi råd til Spotify Premium-konto, sesongkort på treningssenter, telefon, kinoturar, sjokolade (oooops, skyldig!) og sminke. Er det ein selfølge? JA, det er det...i vår del av verda. Men i store delar av verda blir det sett på som toppen av luksus for eksempel å ha tilgong til reine svømmebasseng.
Problemet er jo at standarden berre aukar og aukar. ("Alt var så mykje betre i gamle dagar..."). Mykje vil ha meir.
Men: Alle kan jo gjere noko! Kanskje litt optimistisk å skulle "omvende" heile California, men ein kan i alle fall gjere noko med seg sjølv. Det ER jo ikkje nødvendig å bruke 400 i månaden på sminke. (Sorry.) Og så skadar det jo på ein måte ikkje om ein gjer pengar til gode formål (Strømmestiftelsen, Det Norske Misjonsselskap...). Det du gjer, vil dei rundt deg merke, og kanskje dei vil gjere det same, folk rundt dei ser det... --> god sirkel (eksamenslesing for tida --> Likar stikkord.) Yes! 1, 2, 3 GO!
Hør hør!
SvarSlett