15.06.11

F-f-f-f-ferie!

Flyttar til verdas finaste leilighet med (nokre av) verdas beste jenter
Fine folk
Facebook blir ikkje mitt einaste sosiale liv lenger
Filmtitting
Fredagskveld kvar kveld
Flått? Helst ikkje
Fotball? Ja takk!
Får tid til å koooze meg
Farmakokinetikk vil eg helst ikkje høyre meir snakk om
Feire
FERIE


Biletet er frå filmen Appelsinpiken. Elsk.

05.06.11

Veke 22

Eg har gifta meg med prins William (har ikkje høyrt frå han sidan bryllupet, så lurer på om det kan ha vore ein draum), hatt fyrstehjelpsdag (ååå, så kjekt det var!), ete heimelaga pizza ca kvar dag, lest til eksamen, gumla Ballerinakjeks, sykla i regnet, blitt forskrekka over kor fint Gud har skapt verda, ete masse leverpostei, tenkt på sommarferien, gleda meg til å flytte inn i ny leilighet saman med to fantastiske venninner, hatt middagsbesøk av to andre fantastiske venninner, vore i Messiaskyrkja, fått Reidun tilbake frå Tyskland, og vore på Damsgårdsfjellet med ei stk bra dame, og baka tre kaker.


Merkar at av og til må eg nesten skrive ned kva fint ein har gjort, for eg har så lett for å gløyme det. Men så har eg det jo så fint!

02.06.11

Rik?

Les artikkelen: Verdens rikdom konsentrert på få hender.


Eg kjenner eg blir så provosert. Men så veit eg jo så godt at på ein måte er eg jo som desse rikingane. Eg har ein livsstil som eg er vant med, og eg vil helst ikkje kutte ned på standarden, fordi alle rundt meg lever på same måten. (Hadde det vore normalt for eksempel å handle klede berre èin gong i året, og å bu i gamle, litt skrøpelege leilighetar utan internett og varmekablar, hadde det jo vore heilt okei for oss.) På same måten vil ein rikmann samanlikne seg med sine naboar. 


Vi ser ned på dei såkalla rikingane. Men er vi ikkje sjølve rike? Vi har råd til mat, husvere med belysning og varme, klede og det vi treng. I tillegg har vi råd til Spotify Premium-konto, sesongkort på treningssenter, telefon, kinoturar, sjokolade (oooops, skyldig!) og sminke. Er det ein selfølge? JA, det er det...i vår del av verda. Men i store delar av verda blir det sett på som toppen av luksus for eksempel å ha tilgong til reine svømmebasseng. 


Problemet er jo at standarden berre aukar og aukar. ("Alt var så mykje betre i gamle dagar..."). Mykje vil ha meir.


Men: Alle kan jo gjere noko! Kanskje litt optimistisk å skulle "omvende" heile California, men ein kan i alle fall gjere noko med seg sjølv. Det ER jo ikkje nødvendig å bruke 400 i månaden på sminke. (Sorry.) Og så skadar det jo på ein måte ikkje om ein gjer pengar til gode formål (Strømmestiftelsen, Det Norske Misjonsselskap...). Det du gjer, vil dei rundt deg merke, og kanskje dei vil gjere det same, folk rundt dei ser det... --> god sirkel (eksamenslesing for tida --> Likar stikkord.) Yes! 1, 2, 3 GO!